Logg inn | Ny kunde
Kundeservice | Min konto | Ordrestatus | Kontakt oss
Select Portal

Handlevogna er tom

Varen er lagt i handlevogna.
 

Val av ski og lengde

Å velge rett skilengd er ikkje noko eksakt vitskap. Det er mange faktorar som spelar inn, som til dømes bruksområde, oppakning, kroppslengde og vekt. Det beste er å snakke med nokon med god erfaring. Du kan likevel komme langt med å følge tipsa under.



FJELLSKI

Fjellski skal i utgangspunktet vere 15 cm lengre enn kroppslengda for ein normal bygd person.
Vekta har også ein del å seie for kva lengd ein vel (sjå tabellen under). Grunnen til det er smørespennet under skia. Denna "lomma" med festevoks skal ideelt sett berre komme i kontakt med underlaget når ein legg heile tyngda på eine skia. Med for stive ski vil ikkje festevoksen komme i kontakt med underlaget og skiene kjennes bakglatte. Og omvendt, med for mjuke ski vil festevoksen fyrst bremse, til den blir heilt slipt vekk.
Når det gjeld vekt er ikkje dette likte viktig på fjellski som på langrennski.

Når ein har valgt ski ut i frå tabellen kan ein starte med individuelle justeringar. Det første ein må ta hensyn til er om ein kjem til å gå mykje i laussnø, då kan det vere lurt med ei litt lengre ski som flyt betre i djup snø. Det vert fort tungt å gå med ski som berre forsvinn ned i snøen heile tida og som du må bruke krefter på for å få opp igjen. Er det ein tung person som skal bruke skia eller om ski blir brukt med tung oppakning bør ein også vurdere å velge litt lengre ski. Det motsatte gjeld sjølvsagt viss det er ein lett person som skal bruke skia, då kan ein heller velge ei litt kortare ski. Blir skia brukt mest i oppkjørte løyper kan ein om ønskeleg gå litt ned på lengda. Og til slutt er det eigne erfaringar som spelar inn, om ein likar kortare eller lengre ski.

Tabellane nedanfor tek utgangspunkt i Amundsen. Breiare ski kan typisk vera noko kortare, og smalare skibreidder tilsvarande lengre ski.

MENN:

Kroppslengd Vekt (kg) Skilengd (cm)
> 160 >60 175
160-168 55-68 180
165-172 65-75 185
170-180 72-80 190
175-193 75-87 195
185-193 85-95 200
190+ 95+ 205


KVINNER:

Kroppslengd Vekt (kg) Skilengd (cm)
> 160 - 165
158-165 > 60 175
162-170 55-68 180
168-175 65-75 185
173-182 72-80 190
180+ 75-87 195
- - 200+

 

Amundsen - godt eigna til lange turar, gjerne med tung oppakning. Fyrstevalet til ekspedisjonsfararar.

Nansen - brei fjellski med gode flyteeigenskapar. Lett å svinga med på varierande føre. Godt eigna til turar i kupert norsk terreng, gjerne i djup og tung snø.

Sondre - har gode allroundeigenskapar for dei som ikkje held til i fjellheimen heile vinteren. Godt eigna til kortare turar utan for mykje oppakning.

Ingstad - Gode fart- og svingeigenskapar. Godt eigna til både lange transportetappar i flatt terreng og harde krevjande utforkøyringar i fjellet.

Breidablikk - Den nye jakt- og hundeskia frå Åsnes. Perfekt til krunglete bakkar. Fint gåspenn og god bereflate. Utan stålkant for å gjera skia hundevenleg.

Cecilie Skog - Nyutvikla fjellski for jenter. Brei og lettsvinga, med moderat gåspenn og gode flyteeigenskapar. For turar i kupert norsk terreng, gjerne i djup og tung snø.

Liv Arnesen - Nyutvikla fjellski for jenter. Godt eigna til lange turar, gjerne med tung oppakning.

 

TOPPTURSKI

Når det gjeld toppturski vert det sett krav til at dei skal vere relativt lettsvinga. Dess kortare skia er, dess lettare er den å svinge -Viktig i ulendt og kronglete terreng. Toppturski er ofte vesentleg breiare enn vanlege fjellski, noko som gjev mykje betre flyt i snøen og ein kan difor gå litt ned på lengda.
Eit godt utgangspunkt er å velge ski som er like lange som si eiga kroppslengde. Er det viktig med ekstra god flyt i laussnø kan ein velge litt lengre ski (5 - 10 cm), men då vil ein mest truleg få ei mindre lettsvinga ski. Vil ein heller prioritere at skia skal vere mest mogleg lettsvinga er det heilt greit å gå ned 5 cm på lengda, men ein kan då miste litt av flyten i laussnø.

Storetind - Karbonforsterka toppturski med god flyteevne, markert innsving og integrert fellelås. Spesielt godt eigna i laussnø og for tyngre personar.

Vetletind - Same som Storetind, berre litt smalare og difor godt eigna for lettare personar.