Logg inn | Ny kunde
Kundeservice | Min konto | Ordrestatus | Kontakt oss
Select Portal

Handlevogna er tom

Varen er lagt i handlevogna.
 

Gratulerer, Cecilie!

No har Cecilie gjort det! Torsdag 21. januar fulførte ho kryssinga av Antarktis saman med Ryan Waters. 70 dagar i isødet er omsider over...

 

Dette er første kryssing av sørpolen med kun bruk av eiga muskelkraft, utan vind, vindsegl eller anna form for hjelp. Med dette har Cecilie skrevet både norsk og internasjonal polhistorie.

I følge Cecilie har det vore ein lang og krevande tur, men med mykje flott natur å glede seg over.

Turen starta frå Berkner Island den 13. november i fjor. Cecilie og Ryan la bak seg 1800 kilometer før dei omsider var framme i går kveld ved turen sitt mål, Ross Ice Shelf. Cecilie kryssa kontinentet på sine eigne Åsnes Cecilie-ski som ho også har nytta på fleire andre ekspedisjonar tidlegare.

Me gratulerer Cecilie med ein fantastisk prestasjon! Blir spennande å sjå kva Cecilie gir seg i kast med neste gong.

Les meir om turen på Cecilie sin blogg ( www.cecilieskog.vgb.no).
Heimesida til Cecilie ( www.cecilieskog.com).

 

Lyst på ditt eige par med Åsnes Cecilie-ski?

Då må du forte deg med å bestilla, me har nokre få igjen! Klikk her så kjem du rett til skia.