Logg inn | Ny kunde
Kundeservice | Min konto | Ordrestatus | Kontakt oss
Select Portal

Handlevogna er tom

Varen er lagt i handlevogna.
 

Om White Planet - gear for slopes and surfs

 

Så kjekt at du tar deg tid til å lesa litt om White Planet, om kven me er og kva me står for!

Med skandinaviske verdiar, snø og rein natur som lerret frå moder Jord, og lykka av vinter, pudder og ekstremsport, ynskjer me å tilby gode kle og skiutstyr for ein aktiv livsstil.

White Planet er ein online concept store med sterke merkevarer som på tvers tilbyr moteriktige, funksjonelle og tekniske kle og utstyr for fartsglade, aktive vaksne og barn -året rundt. Frå strandliv til tøffe toppturar. Frå bølgesurfing til puddersnø. 365 dagar i året. Eller meir.

White Planet er eigd av Skigutane AS.

Soga om Skigutane starta med Hans Engelsen som begynte å importera Bula huer i 1989, og køyrde rundt i Noreg med bilen full av huer.

Med base i friluftsbyda Voss på Vestlandet, har Skigutane sidan den gong ekspandert til å administrera og utvikla merkevarene Kari Traa, Bula, Vossatassar, Åsnes, Extrem og Linken, med distribusjon både innanlands og utanlands.