Select Portal
Normally GEO-IP will choose the correct country and language for you, but sometimes you may be located in another country. Here you can override this function and set a cookie.
Your shopping cart and customer information will not be transfered to another portal.
Handlevogna er tom
Nedanfor finn du våre salsvilkår. Har du fleire spørsmål rundt dine rettigheiter og lovverk rundt kjøp anbefalar me deg å ta ein titt på
Forbrukerportalen.
Desse salsvilkåra gjeld for all sal av varer og tenester frå whiteplanet.no til forbrukarar.
Saman med din bestilling, bekrefta gjennom ein ordrebekreftelse, utgjer desse salsvilkåra det samla avtalegrunnlaget for kjøpet.
For å kunna handla på whiteplanet.no må du ha fylt 18 år. Er du under 18 år kan du få ein myndig, f.eks. ein føresett, til å foreta handelen for deg.
Me leverer berre til Norge, Svalbard, norsk kontinentalsokkel og andre fjernliggande norske område.
For utanlandsbestilling sjå
whiteplanet.net
Forbrukarkjøp er bl.a. regulert i følgande lover:
Forbrukerkjøpslova
Angrerettlova
Markedsføringslova
Personopplysningslova
E-handelslova
Kredittkjøpslova
Følg lenkene
viss du vil ha meir informasjon om dine rettigheiter og plikter ved kjøp.
Selgar er:
White Planet c/o Skigutane
Bjørkemoen 56
5700 Voss
Registrert i
Brønnøysundregisteret med org.nr.:NO 990727791MVA
Tlf: 56519808, Faks: 56511178. E-post: kundeservice@whiteplanet.no.
Blir heretter også nemnt
som "me", "vi" eller "oss".
Kjøpar er:
Den person som er oppgjeve som kjøpar i bestillinga, og blir heretter også nemnt som "du", "deg", "din" eller "ditt".
Din bestilling er bindande når den er registrert på vår server (datamaskin). Du har likevel rett til å gå frå kjøpet i følge lov om angrerett, sjå nærare avtalens pkt. 11.
Når me mottar din bestilling får du automatisk bestillingsbekreftelse til din e-postadresse. Ein ordrebekreftelse vil så bli sendt til din e-postadresse når bestillinga er behandla og er klar til sending.
Vi tilstreber å gje våre kundar så korrekt informasjon om våre produkt som muleg. Me tar imidlertid atterhald om at skrive-/ trykkfeil kan forekoma, noko som kan innebera at me ikkje kan levera i henhold til informasjon gitt i whiteplanet.no, vår marknadsføring eller på annan måte.
Vidare tar me oss retten til å kansellera din bestilling eller delar av denne, dersom produktet er utseld.
Alle prisar er inkludert meirverdiavgift på 25%. Totalkostnaden for kjøpet vil bli oppgjeve før bestilling, og inkludera alle utgifter i samband med kjøpet som utgifter til porto, frakt, emballasje m.m. Leveransar til Svalbard vert selt utan tillegg av meirverdiavgift. Meirverdiavgiften vil bli fjerna under effektuering av ordren.
Kjøpesummen må gjerast opp gjennom kredittkort (Visa eller Mastercard). Kjøpesummen bli reservert på kortet ved bestilling. Dersom reservasjonen ikkje kan foretas, tar me oss retten til å kansellera bestillinga. Du vil motta informasjon om slik eventuell kansellering.
Leveringstida frå me mottek bestillinga til du får varene kan variera mellom 3-7 dagar. (Normal leveringstid med Posten er 2-3 virkedagar, på nokon strekningar opptil 5 virkedagar.) I travle periodar kan leveringstida vera noko lenger. Pakkesporingsinformasjon vil du finna i ordrebekreftelsen du mottar på e-post samt ved innlogging på White Planet.
Pakken vert sendt med Posten som Servicepakke og kan hentast på næraste postkontor/Post i Butikk.
Me har risikoen for produkta inntil du overtar dei, det vil seia når du har fått produkta i din besittelse.
Etter at du har mottatt produkta, bør du, så snart du har anledning, undersøka om leveransen er i samsvar med ordrebekreftelsen, om produkta er blitt skada under transporten, eller om produkta elles har feil eller manglar.
Dersom produkta har feil eller manglar kan du etter omstenda kreva retting av feilen, erstatning eller at heva kjøpet. Feilen må foreligge når du får produkta i din besittelse. Melding om feil og manglar ved produkta kan meldast til oss skriftleg. Dette må skje innan rimeleg tid etter at du oppdaga feilen eller mangelen.
Me vil skriftlig bekrefta mottak av alle reklamasjonar. Me vil også skriftleg bekrefta mottak av varer som vert sendt tilbake til oss for inspeksjon eller feilretting.
Retten til å reklamera gjeld i to år etter at du overtok produktet, eller fem år dersom produktet er meint å vara vesentleg meir enn to år. Retten til reklamasjon kjem i tillegg til angreretten etter pkt. 11. "
Våre garantiar inneber ingen begrensningar i reklamasjonsfristen for varer etter forbrukarkjøpslova. Reklamasjonsfristen er to år etter at du overtok varen, eller fem år dersom varen er meint å vara vesentleg meir enn to år. Se for øvrig pkt. 9.
Jmfr begrensning hardvaregaranti
Angrerettlova gir deg rett til å angra kjøpet. Angreretten forutset at du seinast innan 14 dagar etter at du mottar leveransen gir oss melding om dette (angrefrist). Dersom du ikkje har mottatt angrerettskjema anten i ordrebekreftelsen eller ved levering av produkta, vert denne fristen utvida til tre månader.
For at angreretten skal kunne gjerast gjeldande, må produktet vera levert til oss i original emballasje, i same stand som du mottok den.
Alle produkt skal leverast tilbake til oss innan rimeleg tid.
Me er forplikta til å betala tilbake til deg det du har betalt inkludert porto for sendinga. Tilbakebetaling skal finna stad innan fjorten dagar etter at me mottar produktet frå deg. Eventuell returforsendelse må betalast av deg.
Produktet skal sendast tilbake til oss, i originalemballasje, saman med angrerettskjema. Nærare opplysningar om korleis du nyttar deg av angreretten, framgår av angrerettskjemaet.
Me behandlar i utgangspunktet berre personopplysningar du gir til oss, og som er nødvendige for at me skal kunna gjennomføra våre pliktar ovanfor deg.
Bruk av personopplysningar til andre formål, som for eksempel å senda deg informasjon om nyheiter, tilbod, osv., vert berre gjort når du har gjeve ditt samtykke.
Før du samtykker skal du vera informert om kva opplysningane skal brukast til og av kven. Du vil kortid som helst ha mulegheit til å trekka tilbake dette samtykket.
Dine personopplysningar blir berre utlevert til andre når:
Me har salspant i dei leverte produkta inntil kjøpesummen inkludert renter og omkostningar er betalt i sin heilheit.
Partane skal forsøka å løysa eventuelle tvistar i minneleg former. Dersom dette ikkje lykkast, kan du bringa saken inn for Forbrukerrådet i nærleiken av der du bur. Alle tvistar skal løysast etter norsk rett. Vert saken bringa inn for domstolane, skal den avgjerast i ditt (kjøparens) verneting, det vil normalt seia i nærleiken av der du bur.
White Planet tar atterhald om prisendringar, samt skrive- og trykkfeil, endringer i tekst, bilete og linkar på våre nettsider.